Ein møteplass og eit levande miljø for alle!

FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på austsida av Dalsfjorden, 7 km frå Askvoll. På det 160 mål store området kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Vi har vår eiga sandstrand på over 400 meter, og vår eigen lagune. Området er barnevenleg og tilrettelagt for alle aldersgrupper.

Sjøsportsenter

Det unike sjøsportsenteret opnar i mai 2017 og vil by på aktivitetar for både liten og stor.

Campingplass

Ligg lunt til med utsikt mot lagunen og fjorden. Vi tilbyr heilårsleige på 120 kvm store plassar. Vi tilbyr også dagsleige.

Marina

Vi har hamneplassar til små motorbåtar og daycruisarar. Båtplassar til sals.

Verket Pub

Ein populær møteplass for både fastbuande og tilreisande. Puben ligg ved området sin djupvannskai, så her kjem mange også sjøvegen. Her har vi pubkveldar med song og musikk, dans på kaia og god stemning til ut i dei små timar. Du kan óg leige puben til ditt eige arrangement.

Hyttetomter

Vi har hyttetomter til sals i eit hyttefelt innanfor 100-metersbeltet. Tomtene har veg, vatn, avløp og straum opparbeida i tomtegrensa. Hytteeigarane har tilgang til vaktmeistertenester som tilkøyring av ved, vedlikehald, oppvarming, innkjøp og tilsyn.

Meir informasjon er å finne på finn.no

Siste frå Facebook

Ingen nylige Facebook-innlegg

Meir informasjon kjem

Vi arbeider med å utvikle FjordLagunen og det skjer spennande ting! Følg gjerne med på prosessen via vår Facebookside.

Ny webside er også under utvikling, så besøk oss gjerne igjen litt seinare.